Avtalen

https://docs.google.com/a/memoar.no/viewer?a=v&pid=sites&srcid=bWVtb2FyLm5vfHNpZGVtYWx8Z3g6NTVkZjhjODg1YTIyYzI4Mw
I prosjekt Sunnhordland memoar (Sunnhordlandsminne) fylgjer me det prinsippet at intervjuet er ei fri ytring som er eigedomen til dei som ytrar seg i intervjuet. Det vil fyrst og fremst seie forteljaren, dernest intervjuaren.  Dei er altså opphavspersonane. 

Samarbeidspartnarane i prosjektet - Memoar og Sunnhordland Museum  - ynskjer jo at opphavspersonane skal dela sine forteljingar med framtida og samtida gjennom å avlevera dei til Sunnhordland Museum og Norsk Folkeminnesamling,  og å la museet og/eller Memoar publisera dei på nett. 

For å dokumentera kva me blir samde om i kvart tilfelle, ber me forteljar og intervjuar signera ein standard avtale i forkant før intervjuopptaket. Den ser ut som du ser nedanfor.  

Når etterarbeidet er ferdig, og intervju med tilhøyrande dokumentasjon er klar til eventuell publisering,  ber me forteljaren senda ei skriftleg godkjenning av at passordet skal fjernast på nettvideoen slik at han blir publisert. Slik godkjenning kan vera ein epost, ein SMS eller eit stykke papir der det står at det er OK å ta vekk passordet. 

Slik kan avtalen sjå ut: 


Ċ
Bjørn Enes,
30. jul. 2019, 06:13
Comments