Forteljarane

Hovudaktiviteten i prosjekt "Munnleg historie for alle" er innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av munnleg kjeldemateriale. 
Intervjuopptak er ein hovudaktivitet i alle delprosjekt. Slike intervjue er hyggelege samtalar mellom ein forteljar og ein intervjuar.  Samtalen handlar om  ting som forteljaren sjølv har opplevd, sett eller vore med på - altså der forteljaren er primærkjelde. Det kan vera levd liv i lokalmiljøet,  arbeidslivet, organisasjonslivet - eller samfunnslivet. Kvardagsliv eller deltaking i store historiske prosessar - kort sagt levd liv i alt sitt mangfald.  Sjå meir om forteljarrolla under "Ny forteljar?"

Samtalen vert filma. Eigaren av opptaket er forteljaren. Intervjuaren er  medeigar. Vi håpar - og oppmodar - forteljaren til å dela forteljingane sine. Det vil seia å la Memoar avlevera dei til Norsk Folkeminnesamling gjennom innsamlingsportalen Minner.no. slik vil framtidige forskarar få tilgang til dei. Me oppmodar  også forteljarane til å dela med samtida gjennom å la Memoar og / eller samarbeidspartnarane lokalt gjera det tilgjengeleg i museet eller på nett.

Forteljaren treng ikkje bestemma seg for om ho/han vil publisera før etter at opptaket er ferdig. 

Nedanfor her, fylgjer opptak som blir delte i dette prosjektet etter kvart som dei blir ferdige. 

Forteljarar i Sunnhordland:

  • Kjellbjørg Lunde Under arbeid 
    Lagt inn 2. sep. 2019, 01:25 av Bjørn Enes
  • Jan-Willy Folgerø-Holm Under arbeid 
    Lagt inn 2. sep. 2019, 01:24 av Bjørn Enes
  • Helga Krokan Under arbeid 
    Lagt inn 2. sep. 2019, 01:23 av Bjørn Enes
  • Rikka Ramstad Under arbeid 
    Lagt inn 2. sep. 2019, 01:22 av Bjørn Enes
  • Dagfinn Hellen Under arbeid 
    Lagt inn 2. sep. 2019, 01:22 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 5 av 6. Vis mer »

Vil du ta del? 

Du kan ta del i dette på ein av fire måtar: 

  • Forteljar:  Du kan fortelja til ein intervjuar - gjerne til ein du sjølv foreslår, det treng ikkje vera ein profesjonell. 
  • Intervjuar: Du kan få kurs eller gode råd - eller du kan berre gå rett på. Kan du lytta, kan du gjera munnleg historie-intervju. Ta  kontakt med mha@memoar.no om du treng å låna utstyr
  • Dokumentasjonsarbeidar: Du kan sitja heime ved din eigen kjøkkenbenk med papir og blyant. Du må ha ein PC der du kan spela opptaket - og så skriva ned stikkord om innhaldet omlag minutt for minutt.
  • Nettarbeidar: Viss du er vand med data, trengs det folk som gjera enkelt redigerings- og avleveringsarbeid.  Det trengst også å produsera korte utdrag som kan brukast i formidling

Kjellbjørg Lunde

lagt inn 2. sep. 2019, 01:25 av Bjørn Enes

Under arbeid 

Jan-Willy Folgerø-Holm

lagt inn 2. sep. 2019, 01:24 av Bjørn Enes

Under arbeid 

Helga Krokan

lagt inn 2. sep. 2019, 01:23 av Bjørn Enes

Under arbeid 

Rikka Ramstad

lagt inn 2. sep. 2019, 01:22 av Bjørn Enes

Under arbeid 

Dagfinn Hellen

lagt inn 2. sep. 2019, 01:22 av Bjørn Enes

Under arbeid 

Thor Jensen

lagt inn 2. sep. 2019, 01:21 av Bjørn Enes

Under arbeid 

1-6 of 6