Heim


Vellukka kurs og minnesamling på Stord 29-31/8
I løpet av tre intense dagar vart det gjennomført eit kurs med 10 deltakarar og seks intervjuopptak på Sunnhordland Museum på Stord. I tillegg vert Johanne Øvstebø Tvedten si forteljing av to livshistorier dokumentert med videoopptak på Nerheimstunet i Ølen.

 (Trine Kyvik intervjuar Jan Willy Folgerø-Holm, medan Barbro Matre dokumenterar)

Dei seks intervjuopptaka skal no klargjerast for avlevering til Norsk Folkeminnesamling og eventuell publisering.  Avleveringa skjer gjennom portalen Minner.no.  Der vil det også kunne publiserast, dersom forteljaren godkjenner det. 

Før avlevering må opptaket dokumenterast og redigerast. På bildet over ser me at dokumentasjon kan gjerast samtidig med intervjuet: Ein med-intervjuar sit med klokke, papir og blyant og noterar stikkord og minutt/sekund frå start. Etterpå må dette reinskrivast. 

Det trengst dugnadsarbeidarar som kan tenkja seg å gjera slikt dokumentasjonsarbeid - enten samtidig med intervjuopptaket eller gjennom å gå gjennom opptaket etterpå. Kan du tenkja deg å hjelpa til med slikt arbeid, så ta kontakt! (Les meir under Dugnad

Memoar vil gjerne fylgja opp samarbeidet med Sunnhordland Museum, historielaga og andre i Sunnhordland. Me har alt avtalt to nye intervjuopptak, og når me har fått kontakt med frivillige dokumentasjonsarbeidarar vil me gjerne laga eit eige kurs for dei. Me ynskjer også kontakt med folk som er interesserte i å intervjua. 

Slik (omtrent) var kurset fredag 30. august: 

Kursleiarar: Bjørn Enes frå Memoar og Johanne Øvstebø Tvedt frå museet. 

10:00    Velkomst - presentasjonsrunde 

10:30    Om prosjektet Munnleg historie for alle  og visjonen om minnesamling i Noreg generelt og Sunnhordland særskilt.

11:15   Pause

11:30    Om intervjuet - litt om etikk og litt om teknikk - og magien i den gode samtalen

12:15    Lunsj

12:40    Etterarbeidet  
Feltdagbok, innholdslogg, etisk vurdering, redigering
13:30    Pause

13:45    Arkiveringen - Memoar.no i prosessen, Minner.no for evigheten. Om forankringa i Norsk Folkeminnesasmling 
14:30    Pause 

14:45    Idéar og planar om korleis profesjonelle og frivillige kan samarbeida om den munnlege kulturarven i Sunnhordland.  
15:30    Slutt på formell kursdel 

15:45 - 17: Uformell kursdel. Gjennomsyn av eit av intervjuoppptaka frå dag 1. Idé-storming om formidling og vidare innsamling. 



Intervjuopptak torsdag 29. og laurdag 31. august:

Memoar prioriterar intervju med personar som er primærkjelder til historiske prosessar som industri og næringsliv, sjøfart og offshore, fiske og landbruk, kultur- og organisasjonsliv, lokal tradisjon og barne-/ungdomskultur. Me er også opne for andre gode forslag!
Send idear til bjorn@memoar.no eller jot@sunnhordland.museum.no

Desse vart intervjua torsdag 29. august 2019
  • Thor Jensen 
  • Dagfinn Hellen 
  • Rikka Ramstad
Desse vart intervjua laurdag 31. august:
  • Helga Krokan
  • Jan-Willy Folgerø-Holm
  • Kjellbjørg Lunde 
Nye intervjuopptak i Sunnhordland:




Tidspunkt for nye intervjuopptak er enno ikkje bestemt.  Dersom du har forslag til personar som bør intervjuast og/eller dersom du sjølv har lyst å intervjua nokon men treng råd og utstyrslån - ta kontakt. Memoar-kontakt for Sunnhordland er: 

Bjørn Enes   - bjorn@memoar.no

Comments